Opplæring og veiledning for arbeidslivet

Opplæring i ulike arbeidsrettslege emne, skreddarsydd etter ønskje og behov

Ein serie kurs som gjev ein heilskapleg oversikt og innsikt i arbeidsrett.  Kursserien kan gjennomførast både samanhengande, oppdelt eller enkeltvis, etter nærare avtale.  Kan om ønskjeleg også gjennomførast heilt eller delvis digitalt.

Kursserien gjev ei innføring i arbeidsrettens ulike område, og målet er at ein etter avslutta kurs skal bli betre til å handtera arbeidsrettslege problemstillingar.

Gjennom praktiske og teoretiske øvingar får deltakarane innsikt i konkrete saker som har gått gjennom det rettslege systemet, både nasjonalt og internasjonalt, og kva slag verknader dette har fått, og kan få, for norsk arbeidsliv.  Det blir rikeleg høve til å dele og drøfte eigne erfaringar, og ta opp aktuelle problemstillingar frå eigen kvardag. Kursa inviterer deltakarane til å diskutere kva for moglegheiter arbeidstakarar har til å påverka rettsutviklinga, både gjennom dei etablerte institusjonane, og andre arenaer.

Innhald (m.a.):

Alminneleg rettskjeldelære
     – forholdet lov/avtale
     – internasjonal rett

Kollektiv arbeidsrett
     – organisasjonsrett
     – tariffavtalar
               » inngåing
               » verknader
               » tvistehandsaming

Individuell arbeidsrett
     – arbeidsavtalen
               » tilsetting
               » oppseiing/avskjed/suspensjon

Oppsummering/kursavslutning

Gjennomføring og varigheit av kursserien etter nærare avtale

Hopp rett ned til innholdet