Opplæring og veiledning for arbeidslivet

Systematisk HMS-arbeid

Opplæring i ulike arbeidsmiljøemne, skreddarsydd etter ønskje og behov

Ein serie kurs som gir ei meir heilskapleg oversikt og innsikt i HMS (helse, miljø og tryggleik). Kursserien er bygd opp på ein slik måte at den kan gjennomførast både samanhengande, oppdelt eller enkeltvis, etter nærare avtale.

Kursa gir ei innføring i dei lovmessige krava, men det leggast stor vekt på deltaking som verktøy i HMS-arbeidet, og målet er at ein etter avslutta kurs skal være tryggare på korleis ein kan få til eit betre arbeidsmiljø på arbeidsplassen.
Kursa inviterer deltakarane til å diskutere kva moglegheiter arbeidstakarar har til å påverka eige arbeidsmiljø, både gjennom dei etablerte institusjonane, og andre arenaer

Innhald (m.a.):

Krav til arbeidsmiljøet
     – kva er eit godt arbeidsmiljø?
                   » eigenoppleving
                   » forsking
     – arbeidsmiljølova sine krav

Systematisk HMS-arbeid
     – arbeidsmiljølova sine krav
                   » internkontroll
     – partssamarbeid
                   » ansvar, roller og oppgåver
                               → internt (AMU/BHT/VO m.fl.)
                               → eksternt (Arbeidstilsynet m.fl.)

Metodar i HMS-arbeidet
     – prosjektmodellar
     – kartleggingsmetodar
     – problemløysing
     – opplæring

Oppsummering/kursavslutning

Gjennomføring og varighet av kursserien etter nærare avtale

Hopp rett ned til innholdet